handcuffs1

Tillegget til Sivilbeskyttelseslova er ledd i krigsførebuingane og undergreving av demokratiet.

Regjeringa ville i sitt framlegg til nytt kapittel i Sivilbeskyttelsesloven gje seg sjølv nye vidtfemnande diktatoriske fullmakter. Framlegget møtte kraftig motstand frå ymse hald allereie i høyringsrunden, men vart utan hensyn til dette like fullt vedtatt utan endringar med stort fleirtal ved fyrste gongs lovhandsaming i Stortinget. 

Framlegget vart stoppa i siste lita før andre gongs votering etter omfattande og grundig kritikk gjennom fleire artiklar frå jusprofessor Benedikte Moltubakk Høgberg på hennar facebook-side i løpet av påsken, og denne kritikken fann så vegen til Nettavisen og etterkvart andre media. Dette tvang til slutt alle parti utanom Høyre til å snu og andre gongs handsaming i Stortinget vart utsett.

Bakgrunnen var at Justisdepartementet 15. januar 2024 sendte ut på høyring framlegg til eit nytt kapittel i Sivilbeskyttelsesloven, lov om kommunal beredskapsplikt, sivile beskyttelsestiltak og Sivilforsvaret. Det vart av regjeringa kalla ei høyring «om forslag av lovregulering av sivil arbeidskraftberedskap, som angir rammene for regulering av det sivile arbeidslivet i sikkerhetspolitisk krise og krig». Grunngjevinga for dette framlegget var beredskapstiltak som ledd i totalforsvarskonseptet som norske styresmakter på nytt har børsta støvet av. Dette som eit nytt ledd i rekka av repressive kriselover og krigsførebuingar som regjeringane i Noreg har fått vedtatt dei siste åra. Dei ulike overvakingslovane og -tiltaka har det siste tiåret vorte gjennomførte med grunngjeving i kampen mot terror, men no har krigsfara og Russland tatt over som påskot. Dette syner seg m.a. gjennom tilrådingane frå Forsvarskommisjonen av 2021 (NOU 2023 : 14) og frå Totalberedskapskommisjonen (NOU 2023 : 17, «Nå er det alvor. Rustet for en usikker fremtid»), som vert nytta som argumentasjon for framlegget til nytt kapittel i Sivilbeskyttelsesloven. 

Bryt med maktfordelingsprinsippet

Noko av det nye og mest vidtrekkjande i det nye tillegget var framlegget om sivil arbeidsplikt, at alle norske borgarar mellom 18 og 72 kunne beordrast til alle former for sivilt arbeid kor som helst i landet. Vidare at retten til streik og ferie kunne opphevast, at delar av forvaltningsloven og arbeidsmiljøloven kunne suspenderast, at teieplikta til helsepersonell, advokatar og prestar kunne opphevast, samt at retten til domstolskontroll kunne innskrenkast. Framlegget la opp til at regjeringa kunne innføra desse tiltaka ved forskrift for ein periode på seks månadar av gongen, berre ved å senda melding til Stortinget når ho fann at rikets tryggleik er i fare. Framlegget la slik og opp til ei kraftig forskyving av makt frå Stortinget og delvis domstolane over til regjeringa, og slik dette har utvikla seg dei seinare åra særleg då til Statsministerens kontor (SMK). Slik ville lovframlegget bryta med maktfordelingsprinsippet som er tydeleg nedfelt i Grunnloven mellom utøvande, lovgjevande og dømmande makt. Dette har på litt ulikt vis vore eit sentralt juridisk og politisk prinsipp i statar av borgerlig-demokratisk type heilt sidan opplysningstida, og kom med i norske Grunnloven allereie frå 1814. 

Det kom høyringssvar til lovframlegget frå ei lang rekke ulike organisasjonar, verksemder og einskildpersonar, og det vart publisert avisartiklar frå juridisk fagekspertise som t.d. professor Hans Petter Graver. Det store fleirtalet av desse høyringssvara var negative til framlegget. Mykje av kritikken gjekk på opphevinga av sentrale rettar når det gjaldt arbeidsliv, tenesteplikt, helse, miljø og tryggleik, og at innføring av denne loven ville gje uforhaldsmessig vide fullmakter og tilnærma eineveldig makt til regjeringa på bekostning av det folkevalgte Stortinget.

Regjeringa såg bort frå alle innvendingane som kom fram under høyringsrunden, og 5 november 2024 sende ho fram proposisjon 11L 2024 – 2025 om framlegg til tillegg i Sivilbeskyttelsesloven. Av politiske parti var det berre Raudt, SV, MDG og Venstre som i varierande grad var negative til framlegget, og det var og berre representantar frå desse partia som etterkvart røysta mot ved fyrste gongs votering i Stortinget. Mellom fyrste og andre gongs handsaming av ein lov i Stortinget kan det etter norsk statsskikk ikkje gjerast så store endringar at det er tale om eit heilt nytt framlegg. Dei alvorlege politiske og juridiske innvendingane som kom opp mot tillegget til Sivilbeskyttelsesloven skulle tilsi at heile saka vart sendt attende til regjeringa og Justisdepartementet for utarbeiding av eit heilt nytt framlegg. Dette skjedde likevel ikkje i denne saka, slik at det berre vart tale om lapping på det eksisterande framlegget og difor meire tekniske enn røynlege endringar som vart resultatet. 

Ny innpakning med små justeringar

Dette synte seg til fulle ved framlegget som lovavdelinga i Justisdepartementet utarbeidde og regjeringa så oversendte til Stortinget etter påske, og som så vart votert over og vedtatt av Stortinget den 10 mai. Resultatet vart kalla ein «betre innramma» lov som gjev noko snevrare grenser for regjeringa si maktutøving, og som ivaretar nokre fleire demokratiske og humane omsyn. Av dei viktigaste endringane kan nemnast:

  • «Rikets sikkerhet» er i nye lovteksten endra til «rikets selvstendighet.» Dette innsnevrar noko i kva stode regjeringa kan innføra denne kriseloven. 
  • Regjeringa må utarbeida forskrifter til loven på vanleg måte og informera Stortinget på førehand, og ikkje berre meddela Stortinget at regjeringa har iverksett fullmaktene.
  • Tida som dei utvida fullmaktene gjeld vart redusert frå seks til tre månadar, før ny forskrift må oversendast frå regjeringa til Stortinget, og før det evnt iverksetjast ein ny periode på tre månadar.
  • Det kom inn unnatak for dommarar og Stortingsrepresentantar for beordring til sivil arbeidsplikt, noko som var ei viktig innvending mot opphavelege framlegget frå nett juristar og stortingsrepresentantar.
  • Den profesjonsbaserte teieplikta til helsepersonell, advokatar, prestar og apotekarar skal respekterast og informasjon frå desse skal ikkje overleverast til styresmaktene. (Men her gjeld alminnelege unnatak om «liv eller helse» er i fare.)
  • Det er lagt inn ei viss avgrensning i regjeringa sin adgang til å fråvike andre lover slik at det er lagt inn krav om at dette «må være påkrevd», og ikkje berre noko som regjeringa ut frå stoda finn vera naudsynt.

Desse endringane er for det meste meir kosmetiske enn røynlege, og inneber like fullt ei vidare innskrenkning av dei demokratiske rettane og tilsvarande vidare fullmakter til styresmaktene. Denne lova er og med på ytterlegare å flytta på kva styresmaktene kan tillata seg i repressiv lei innanfor rammene av eksisterande lovverk. Dei aller fleste Stortingspartia stør denne utviklinga, men Ap går her òg i front som tilretteleggjar for dette. Det er eit paradoks at samstundes med at Ap og LO talar om farene ved fascisme og fascistisk utvikling, så går Ap sjølv i spissen for anti-demokratiske lovar.

Ledd i krigsførebuingane

Det er tydeleg for alle som vil sjå at dette tillegget til Sivilbeskyttelsesloven er eit ledd i krigsførebuingane og kjem som eit nytt supplement til eksisterande krise- og overvakingslovgivning. Dei seinare åra har det vorte innført fleire lovar som går i repressiv retning, som opnar for auka overvaking og personkontroll, og som undergrev sentrale borgarleg-demokratiske rettar. Dette gjeld «Koronaloven» frå 2020, «Etterretningstjenesteloven» av 2020, nye tillegg og forskrifter til «Politiregisterloven» av 2010, og nye forskriftene som har kome til «Politiloven» av 1995. 

Samstundes med at Ap og LO talar om farene ved fascisme og fascistisk utvikling, så går Ap sjølv i spissen for anti-demokratiske lovar

Den sentrale og opphavelege av desse kriselovane er likevel Lov om særlige rådgjerder under krig, krigsfare og liknende forhold, opphaveleg synt til som «Krigsloven», men no i det daglege referert til som «Beredskapsloven». Han gir i paragrafane 3 og 18 regjeringa ubegrensa fullmakter om det oppstår krig eller krise. Regjeringa overtar etter denne lova rolla som lovgjevar og kan fråvike tidlegare lover gitt av Stortinget, det kan innførast pressesensur og personar som vert sett på som mistenkelege kan arresterast og internerast utan lov og dom. Beredskapsloven opnar òg for tvungen utskrivning av arbeidskraft til militære og sivile føremål.

Sivilbeskyttelsesloven utfyllar og konkretiserar no Beredskapsloven når det gjeld tvungen beordring av arbeidskraft. Her er det og verdt å merka seg fleire likskapar mellom Beredskapsloven og Sivilbeskyttelsesloven. Båe vart til som resultat av krigsførebuingar og frykt skapt utanfrå i befolkninga, båe går særs langt i å setja grunnleggjande demokratiske rettar og rettstryggleik til side, båe flyttar på rettstilstanden i meir repressiv retning, og båe kom opp med opphavelege framlegg som så etter kraftig offentleg kritikk vart trekt. I det opphavelege utkastet til Beredskapsloven så var det under krig eller krigsfare framlegg om oppretting av regionale forræderidomstolar som berre kunne avsi to typar av domar, anten frikjenning eller dødsdom som så skulle eksekverast innan 24 timar. Dette lovframlegget var støtta av m.a. Einar Gerhardsen og leiinga i DNA (Det norske arbeiderparti den gongen, no Arbeiderpartiet). Nokre av dei mest ytterleggåande framlegga til paragrafar i Beredskapsloven, som paragrafen om regionale forræderidomstolar, vart og trekt etter sterk offentleg kritikk reist i media av kjente intellektuelle. I dette tilfellet særleg av forfattar og tidlegare Motdagist Sigurd Hoel og tidlegare Motdagist men på det tidspunktet langt meire jurist og Høgre-politikar Jon Lyng. Kritikk som vart reist mot Beredskapsloven frå dei som han i fyrste rekke var meint å råka, einskilde delar av fagrørsla, anti-krigsaktivistar, NKP og radikale delar av DNA, vart ikkje teke omsyn til.

Flyttar grensene for åtgjerder mot demokratiet

Det slike lovframlegg, sjølv dei delane som ikkje vert vedtatt, likevel førar til, er at dei stadig flyttar på kva type tiltak styresmaktene kan koma opp med ved neste høve, og dei piskar opp stemninga i samfunnet ved å skapa frykt og etablere fiendebilete. Dei hevdvunne borgarleg-demokratiske rettane vert støtt redusert og styresmaktene gjev seg sjølv stadig vidare fullmakter. 

Noko som handsaminga av Sivilbeskyttelsesloven òg synar er at høyringsrundane som gjennomførast mest er meint å fungera som eit skuebrød og staffasje for å ivareta illusjonen om folkestyre og demokrati. Om eit totalforsvarskonsept skulle ha røynleg meining og kunne fungera, måtte dette sikrast ved brei folkeleg deltaking basert på aktiv mobilisering og bruk av rettsstatlege prinsipp. Styresmaktene sitt arbeid for å få igjennom Sivilbeskyttelsesloven oppfyllar ingen av desse vilkåra.

Kontakt og informasjon

Ansvarlig utgiver er KPML Media
© Der hvor ikke annet er angitt, kan innholdet på våre sider republiseres etter denne lisensen CC BY-NC-SA 4.0

For abonnement på tidsskriftet, skriv til abonnement@revolusjon.no | For redaksjonelle henvendelser | Andre henvendelser: revolusjon@revolusjon.no

 

Kommunistisk plattform KPML

kpml150Revolusjon er talerør for Kommunistisk plattform – marxist-leninistene (KPML).

Signerte artikler står for forfatterens regning og representerer ikke nødvendigvis organisasjonen sitt syn.