Eurofighter Typhoon i aksjon. Foto: <a href="https://unsplash.com/@linxphotography?utm_source=unsplash&utm_medium=referral&utm_content=creditCopyText">Lincoln Holley</a> på <a href="https://unsplash.com/photos/a-fighter-jet-taking-off-from-an-airport-runway-wfDkj2criRo?utm_source=unsplash&utm_medium=referral&utm_content=creditCopyText">Unsplash</a>       Eurofighter Typhoon i aksjon. Foto: Lincoln HolleyUnsplash

Ukraina som JEF-partner senker terskelen for krig. Men ifølgje sentrale Raudt-politikarar er et mini-NATO som JEF «eit interessant eksempel for Norge».

5. november 2025 vart Ukraina teke opp som partner i Joint Expeditionary Force (JEF) med «Enhanced Partnership», noko som gjer landet til formell del av denne militæralliansen. Forsvarsminister Tore O. Sandvik uttala i den samanhengen til NRK: «… dette er med på å forberede Ukraina til å bli Nato-medlem».

JEF er ei utrykningsstyrke som vart oppretta på Nato-toppmøtet i Wales i 2014. Føremålet med JEF er at han skal kunne setjast inn på kort varsel i tilfelle krig eller annan type krise, og at han skal bidra til Nato sin samla styrkeposisjon i Nord-Europa. Organisasjonen er leia av Storbritannia som stillar opp med leiing, kommando- og kontrollsystem, og som ved behov vil delta med einingar frå hæren, marinen, luftforsvaret og marineinfanteriet. 
Operasjonshovudkvarteret (Standing Joint Force Headquarters (SJFHQ)) ligg i Storbritannia.

Brannkorps for Nord-Europa

JEF er ei utrykningsstyrke som baserar seg på Nato sine konsept og standardar, og har som operativ målsetjing å samordna beredskap og øving, samt utveksla informasjon og identifisera potensielle trugsmål mot medlemsstatane. Organisasjonen har inga eigne ståande militære styrker, men skal nytta styrker frå våpengreinane til dei ulike landa som er med. JEF kan etter føremålet brukast over heile krisespekteret frå naturkatastrofer og flyktningekriser til cyberåtak og kollektivt forsvar ved krig.

JEF kan etter føremålet nyttast over heile krisespekteret

Militæralliansen skal ikkje koma i staden for, men utfylla Nato på ein del område. Han kan òg stillast til disposisjon for EU, FN og andre organisasjonar. Det tiltenkte operasjonsområdet til JEF er nord-områda med særleg fokus på Barentshavet og Østersjøen, men Storbritannia har uttalt at JEF òg vil forsterka britane si evne til raskt å kunne svara på «trugsmål» overalt i verda. JEF er slik sett ei vidareføring av Joint Rapid Action Force, ei styrke som visna hen då Storbritannia var oppteke med ulovleg krigføring i Irak og Afghanistan.

Noreg med frå starten av

Noreg vart med som deltakar i JEF frå starten, til liks med Nederland, Danmark, Estland, Latvia og Litauen. Sverike og Finland vart med frå 2017, etter påtrykk særleg frå Noreg og Storbritannia – fem år før dei søkte medlemskap i Nato. Slik er det ei tydeleg forhistorie på at JEF fungerar som mellomstasjon og springbrett vidare inn i Nato. Island vart med frå 2021. Det er følgjeleg no 10 statar som er med i JEF.

Ut frå føremålet, oppbyggjinga og deltakarlanda i JEF burde det vera rimeleg opplagt at organisasjonen er ein imperialistisk militærallianse. Trass i alle honnørord som er teke med i grunnlaget for organisasjonen om forsvar og fremjing av «demokrati, menneskerettar, regelbasert internasjonal verdsordning og folkerett» så består JEF av dei mest aggressive imperialistmaktene i Nord-Vest Europa, leia av den gamle imperialistiske verdsmakta Storbritannia. JEF står i ei friare stilling til å rykke ut som intervensjonsstyrke, utan risiko for å bli stogga av «vanskelege» NATO-land som Ungarn, Slovakia eller Polen, land som vil halde Ukraina på ei armlengdes avstand frå NATO og frå EU. Dimed senker JEF terskelen for nye, aggressive krigshandlingar.

Sentrale Raudt-politikarar stør JEF som «alternativ»

Då kan det nok for mange framstå som noko underleg at framståande representantar for partiet Raudt held fram JEF som ein positiv militærallianse og som eit godt døme for forsvar av Noreg. Dette framkom på Raudt sin somarleir på Nesodden i 2025, då Magne Kaldhusdal frå Raudt sitt internasjonale utval uttala følgjande, referert frå hans skriftlege innleiing om forsvarsalternativ til NATO:

«… behov for eit samarbeid med dens naboland, eit regionalt forsvarssamarbeid. Eit slikt samarbeid er under utvikling. Eit interessant eksempel for Norge er eit samarbeid mellom 10 nordeuropeiske land, under namnet Joint Expeditionary Force (forfattaren si utheving). Dette samarbeidet inkluderer land som har særskilt stor interesse av å møte politisk og militært press frå både USA ( jf. Grønland) og Russland. Denne regionen er i ein heilt annan sikkerheitspolitisk situasjon enn for eksempel Spania og Portugal. Det er derfor logisk at desse landa søkjer saman i eit tettare regionalt samarbeid.»

Desse vurderingane samsvarer med dei som vart lagde fram av førstekandidatene til Raudt Østfold i Sarpsborg Arbeiderblad i januar 2025. Her skreiv Remi Sølvberg (no innvald på Stortinget) og Jan Petter Bastøe mellom anna: «Et styrket forsvarssamarbeid mellom de nordiske landene, Storbritannia, Tyskland og Frankrike vil være en naturlig og strategisk vei framover.»

Senker krigsterskelen

Så spørs det om dette er eit syn og ein analyse som delast av Raudt sine medlemer rundt om i landet. Det som i alle høve er sikkert er at Russland som forventa er sterkt kritisk til at Ukraina har vorte teke opp som partner i JEF, og uttalt at dette ikkje berre er i konflikt med einskilde andre Nato-land sitt syn, men òg at det «svekker norsk og regional sikkerheit.»

Slik vil det faktum at Ukraina er teke inn i varmen i JEF ikkje berre kunne bety ei ytterlegare opptrapping av krigen der, men òg føra til auka spenning i Noreg sitt tilhøve til Russland og i våre nærområde.

Kontakt og informasjon

Ansvarlig utgiver er KPML Media
© Der hvor ikke annet er angitt, kan innholdet på våre sider republiseres etter denne lisensen CC BY-NC-SA 4.0

For abonnement på tidsskriftet, skriv til abonnement@revolusjon.no | For redaksjonelle henvendelser | Andre henvendelser: revolusjon@revolusjon.no

 

Kommunistisk plattform KPML

kpml150Revolusjon er talerør for Kommunistisk plattform – marxist-leninistene (KPML).

Signerte artikler står for forfatterens regning og representerer ikke nødvendigvis organisasjonen sitt syn.